« Back to Blog

Søk etter savnet

Team Rubicon Region lll deltok i sommer på søk etter en savnet person. Her er oppsummeringen fra Regional Manager Region lll, Magnar Skorven som deltok med Ann Helen.

Rapport frå søk i Dalsfjorden etter sakna Bjørn Ove Steig. 

Laurdag 10/8 vart det siste offisielle søket etter Bjørn Ove Steig gjennomført. Vi stilte med 2 stk frå Team Rubicon, det var underteikna og Ann Helen Aasheim. Sidan Ann Helen kom frå Bergen ordna Fjaler Brann overnatting for Ann Helen slik ho kunne komme kvelden før. 

Vi møttest i småbåthamna i Dale kl 0800 om morgonen, der politiet, ein representant for familien, Røde Kors og brannvesenet hadde ein gjennomgang av saka før dei delte alle inn i lag. Det var ca 70 frivillige, enkelte møtte på andre plassar for å ha kortare veg til søksområdet. I tillegg var det og 30 frå Røde Kors Hjelpekorps som skulle søke området utanfor Dalsfjorden. Vi hamna på kvar sitt lag, Ann Helen på eit lag som skulle gjere overflate søk og eg på eit lag som skulle gjere strand søk frå båt. 

Når alle hadde søkt sine tildelte soner gjekk ein til land der ein fekk varm lunsj. Maten har blitt sponsa av forskjellige bedrifter i området. Ein gang kom det ei eldre dame i taxi med gjærbakst som ho hadde laga til dei som søkte. Denne gangen kom det ei som hadde køyrt ein time med svæler frå Fjord 1. Under lunsjen var og familien til Bjørn Ove der. 

Etter lunsj fekk alle nye søk soner. Og held fram søket til ca kl 1600 på ettermiddagen. Etter eit grundig søk vart Bjørn Ove heller ikkje funne denne dagen. Familien til Bjørn Ove var veldig takknemlege for alle som har deltatt i søket og alle som har støtta opp på andre måtar. Når eg forlèt området så sto det tre frå familien som tok meg i handa og takka for hjelpa. 

Eit par dagar etter søket vart dette posta på FB. 

På vegne av familien❤️❤️❤️

Vil med dette takke kvar enkelt som har vore med i søket etter Bjørn Ove Steig i Dalsfjorden. I tillegg vil me takke alle som har bidrege med servering, mat, kaker, boller og husrom m.m.❤️
Vil takke alle som har bidrege med pengar❤️

Vi vil og rette ein stor takk til dei som forsatt driv søk i fjorden etter Bjørn Ove❤️

Tusen ❤️takk til alle samen❤️❤️❤️

I neste veke vil firmaet O.E.Hagen starte eit søk med Rov og sonar. Dette søket vil vare minimum 3 dagar.

Ver vennlig å del dette, så det når alle❤️

Konklusjon.

Trur det er viktig at vi kan stille opp på slike aksjonar der ein leitar etter omkomne. Det er veldig viktig for pårørande å finne den omkomne. Dessverre er det slik at når det ikkje lenger er ein redningsoperasjon så er det lite pengar og hjelp å få frå det offentlege. Så der kan vi gjere ein forskjell for nokon som treng det. 

Skriv et svar